Norwich | ||
---|---|---|
Norwich City Market | ||
Byvåpenet til Norwich |
| |
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Norfolk | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
39,02 km² | |
Koordinatar | 52°37′42″N 1°17′48″E / 52.62833°N 1.29667°E | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | NR1–NR16 | |
Telefon-retningsnummer | 01603 | |
Nettstad: www.norwich.gov.uk | ||
Norwich (/ˈnɒɹɪdʒ/) er ein by i East Anglia i Aust-England. Byen er administrasjonsbyen i grevskapet Norfolk, og utgjer eit eige distrikt.
Forstadene i Norwich strekkjer seg utanfor bygrensene, og ein finn store forstader både i vest, nord og aust for Norwich, medrekna tettstaden Thorpe St Andrew på austsida. Byen har 129 500 innbyggjarar og er den fjerde tettaste folkesette byen innanfor Aust-England med 3 319 innbyggjarar per kvadratkilometer. Elva Wensum renn frå vest til aust gjennom byen og deler Norwich opp i to, ein sørleg og ein nordleg del.
Norwich var ein viktig by på 1000-talet, og flamsk tilflytting gjorde han til eit sentrum for ullvaretilverking på 1300-talet. Under andre verdskrigen leid Norwich skade under tyske bombeåtak.