Oslo | |||
By | |||
|
|||
Kallenamn: Tigerstaden (Den farlege og ubarmhjertige storbyen) | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Oslo | ||
Kommune | Oslo | ||
Høgd | 23 moh. | ||
Koordinatar | 59°57′N 10°45′E / 59.950°N 10.750°E | ||
Areal | 130,48 km² | ||
• storbyområde | 276,25 km² | ||
Folketal | 717 710 (2016) | ||
- storby | 1 082 575[1] | ||
Folketettleik | 3 919 / km² | ||
Ordførar | Anne Lindboe (H) | ||
• Byrådsleiar | Eirik Lae Solberg (H) | ||
Tidssone | (UTC+1) | ||
- Sommartid | (UTC+2) | ||
Oslo 59°54′48″N 10°44′20″E / 59.913333333333°N 10.738888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Oslo | |||
Nettstad: www.oslo.kommune.no |
Oslo ⓘ er hovudstaden og den største byen i Noreg. Byen er kommunesenter i Oslo kommune, som både er ein kommune og eit fylke. 1. januar 2024 budde det 717 710 personar i Oslo kommune, og 1 082 575 i tettstaden Oslo (2023),[1] som også strekker seg inn i kommunane Nordre Follo, Bærum, Asker, Lillestrøm, Rælingen, Lørenskog, Nittedal, og Lier.
Mellom 1624 og 1925 var namnet på Oslo Christiania. Frå 1877/1897 var namnet òg skrive Kristiania. Byen blir ved ymse høve kalla «Tigerstaden», som refererer til Oslo som den farlege og ubarmhjertige storbyen. Namnet kan førast tilbake til diktet Sidste Sang av Bjørnstjerne Bjørnson.[2]
Oslo er sete for Kongen, regjeringa og sentraladministrasjonen, Stortinget, Høgsterett og den øvste militære leiinga. Alle dei utanlandske ambassadane i Noreg ligg i Oslo. Her er også mange av dei andre sentrale statsinstitusjonane i Noreg.[3]
Mellom om lag 1040 og 1624 låg byen Oslo ved utlaupet av Alnaelva. Etter bybrannen i 1624 valde Kristian IV å gjenreise byen attom Akershus festning. Den byen vart heitande Christiania. Frå om lag 1870 vart det vanleg å skriva Kristiania. Etter som byen voks utover 1800-talet, inkluderte han òg det området som opphavleg og framleis heitte Oslo, men som vart til Gamlebyen då Stortinget i 1924 vedtok å endra namnet på heile byen til Oslo. 1. januar 1948 vart Oslo slegen saman med Aker herad, som omkransa byen.