Oxford English Dictionary

Oxford English Dictionary, ofte forkorta til OED, er ei omfattande engelsk ordbok utgjeven av Oxford University Press. Boka oppgjev uttale, etymologi, kryssreferansar og ei rekke sitat frå eit ord først var brukt og vidare.

Ho inneheld rundt 301 100 hovudoppslag, 157 000 samansetjingar eller avleiingar, og 169 000 uttrykk, slik at ho til saman har rundt 616 500 oppslagsord (30. november 2005).


Developed by StudentB