República del Paraguay
(norsk: Paraguay, paraguayansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Paraguayos, República o Muerte» | ||||||
Motto | Spansk: Paz y justicia (Fred og rettferdigheit) | ||||||
Offisielle språk | Spansk og guarani | ||||||
Hovudstad | Asunción | ||||||
Styresett |
Republikk Fernando Lugo | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
406 752 km² (59.) 2,3 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
6 943 739 (103.) 17,1 /km² (165.) | ||||||
Sjølvstende frå Spania |
15. mai 1811 | ||||||
Nasjonaldag | 14. mai | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
60 150 mill. USD (101.) 10 200 USD (112.) | ||||||
Valuta | Guaraní | ||||||
Tidssone | UTC -4 | ||||||
Telefonkode | +595 | ||||||
Toppnivådomene | .py
|
Republikken Paraguay (spansk República del Paraguay, guarani: Tetã Paraguái) er ein innlandstat midt i Sør-Amerika som grensar til Bolivia i nordvest, til Brasil i aust og nordaust og til Argentina i sør og sørvest. Paraguay ligg på begge sider av elva med same namn, som renn gjennom den sentrale delen av landet frå nord til sør. Den sentrale plasseringa til landet gjer at det tidvis blir kalla Corazón de América, «Hjartet av Amerika».[1]
Guaranifolket budde i det noverande Paraguay då europearane kom hit på 1600-talet, og staden blei ein del av Det spanske imperiet. Paraguay blei sjølvstendig frå Spania i 1811. Folkesetnaden var rekna til 6,8 millionar i 2017. Hovudstaden og den største byen er Asunción. Dei offisielle språka er spansk og guarani, og begge blir tala i stor utstrekking i heile landet. Størstedelen av folkesetnader er mestisar, det vil seia av blanda europeisk og amerikansk urfolksavstamming.
Det paraguyanske flagget hadde tidlegare to ulike sider. Det kvite feltet hadde på den eine sida av flagget riksvåpenet og på den andre sida seglet til finansforvaltinga. I dag har flagget riksvåpenet på begge sider. Riksvåpenet viser ein femtagga, gyllen stjerne, kalla «maistjerna» etter fridomsdagen 14. mai.
I 2010 hadde Paraguay den største økonomiske veksten i Latin-Amerika og tredje største i verda, berre forbigått av Qatar og Singapore.[2]