Parlament (frå fransk parlement, av parler, 'tala') er ei vanleg nemning for nasjonalforsamlingar i demokratiske land. Forsamlingar kalla parlament oppstod i Frankrike og Storbritannia i mellomalderen. Det britiske parlamentet utvida makta si fram mot 1600-talet, då parlamentariske representantar avsette kongen og dømde han til døden. Etter gjeninnføringa av monarkiet fortsette parlamentet å ha ei sentral rolle i styret av landet.