Percy Filmmusikkalbum av The Kinks | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. mars 1971 | |
Innspelt | Oktober 1970 - januar 1971 i Morgan Studios i London | |
Lengd | 33:03 | |
Selskap | Pye NSPL 18365 | |
Produsent | Ray Davies | |
The Kinks-kronologi | ||
---|---|---|
Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One (1970) |
Percy | Muswell Hillbillies (1971) |
Singlar frå Percy | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Blender | [2] |
Percy er eit filmmusikkalbum frå 1971 av det engelske rockebandet The Kinks for den britiske kommedien med same namn. Songane vart skrivne av Ray Davies og inkluderte både standard popsongar og instrumentale nummer. Albumet vart det siste dei gav ut på Pye Records, og enda med det ein sju år lang kontrakt. Albumet vart ikkje gjeve ut i USA og var berre tilgjengeleg der i mange år via import.
Percy vart ikkje godt motteke og har heller aldri vorte rekna som ein del av albumkatalogen av bandet sjølv.
«God's Children» vart gjeven ut som singel i april 1971 (den aller siste utgjevinga på Pye medan dei framleis var under kontrakt). I motsetnad til albumet vart singelen gjeven ut i USA i juli, men nådde ikkje salslistene verken der eller i heimlandet. Han vart derimot ein liten hit i Australia (53. plass) og New Zealand (21. plass).