Phleng Chat (เพลงชาติ) er nasjonalsongen til Thailand, teken i bruk den 10. desember 1939. Teksten er skriven av Luang Saranupraphan medan Phra Chen-Duriyang (Peter Feit, son av ein tysk innvandrar) skreiv melodien.
Songen blei til få dagar etter statskuppet i 1932, og blei kringkasta for første gong i juli det året. Khun Wichitmatra skreiv dei opphavlege orda. I 1939 blei namnet på landet endra frå Siam til Thailand, og det blei utlyst ei tevling om å skapa nye ord til teksten. Luang Saranuprapan sitt bidrag vann. Statsminister Phibunsongkhram gav ordre om at songen skulle spelast kvar dag klokka 8.00 og 18.00, då alle måtte stå for å markera respekt. Denne loven gjeld framleis, og thaiane står, om ikkje to gonger til dagen, men som regel når nasjonalsongen blir spelt.