Potsdam

Potsdam
Templiner See og Potsdam
Templiner See og Potsdam
Templiner See og Potsdam
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Potsdam
Potsdam is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Brandenburg
Ingen
Kreisfri by
Først nemnd i 993
Geografi
Flatevidd
 - By

188,25 km²
Innbyggjarar
 - By (2013)
   - folketettleik

161 468
  858/km²
Koordinatar 52°24′0″N 13°4′0″E / 52.40000°N 13.06667°E / 52.40000; 13.06667
Høgd over havet 35 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 14467–14482
Telefon-retningsnummer 0331, 033208, 033201
Bilnummer P
Heimeside: www.potsdam.de

Potsdam er ein by i Tyskland og hovudstad i delstaten Brandenburg med om lag 161 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Havel sørvest for Berlin, og er ein del av storbyområdet Berlin/Brandenburg.

Potsdam er kjend som tidlegare residens for dei prøyssiske kongane fram til 1918. Byen ligg ved fleire samanhengande innsjøar og eit unikt kulturlandskap, særleg parkane og palassa i Sanssouci, den største verdsarvstaden i Tyskland.

Potsdambydelen Babelsberg er òg ein av dei leiande aktørane innan europeisk filmproduksjon. Filmstudio Babelsberg er av historisk verdi som det eldste storskala filmstudioet i verda. Deutsches Filmorchester Babelsberg spelar ofte filmmusikk for både tyske og utanlandske filmar.

Byen utvikla seg til eit vitskapssenter på 1800-talet. I dag er det tre offentlege universitet og meir enn 30 forskingsinstitusjonar i Potsdam.


Developed by StudentB