Puvirnituq | |||
busetnad | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Provins | Quebec | ||
Areal | 111,50 km² | ||
Folketal | 2 129 (2021)[1] | ||
Puvirnituq 60°02′00″N 77°17′00″W / 60.033333333333°N 77.283333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Puvirnituq |
Puvirnituq (inuktitut ᐳᕕᕐᓂᑐᖅ) er eit inuittsamfunn i Nunavik i Quebec i Canada. Det ligg ved Povungnitukelva nær munningen av elva i Hudsonbukta. Det har status som «nordisk landsbykommune» (fransk municipalité de village nordique, engelsk northern village municipality). Ved den kanadiske folketeljinga i 2021 hadde det 2 128 innbyggjarar.[2]
Av alle dei nordiske landsbyane i Nunavik har berre Puvirnituq og Ivujivik ikkje noko reservert inuittland med same namn.
Namnet på staden tyder 'stad med luke av rote kjøt'. Dette uvanlege namnet kan ha opphav i ei av desse legendariske hendingane:
Puvirnituq er eit luftfartsknutepunkt på kysten av Hudsonbukta. Puvirnituq Airport har ruteflygingar til og frå alle dei andre kystsamfunna rundt bukta i Quebec, Montreal og Ottawa. Staden har ikkje vegsamband til resten av Canada.