Pyreneane | |||
Pyrénées (fransk), Pirineos (spansk), Pirineus (katalansk), Pirenèus (oksitansk), Perinés (aragonsk), Pirinioak, Auñamendiak (baskisk) | |||
fjellkjede | |||
Sentrale Pyreneane
| |||
Kalla opp etter: Pyrene | |||
Land | Frankrike, Spania Andorra | ||
---|---|---|---|
Del av | Alpide belt | ||
Koordinatar | 42°40′N 1°00′E / 42.667°N 1.000°E | ||
Høgaste punkt | Aneto | ||
• høgd | 3 404 moh. | ||
Lengd | 491 km | ||
Areal | 19 000 km² | ||
Geologi | granitt, gneis, kalkstein | ||
Periode | Paleozoikum, mesozoikum | ||
Pyreneane 42°40′00″N 1°00′00″E / 42.666666666667°N 1°E | |||
Topographic map
| |||
Wikimedia Commons: Pyrenees |
Pyreneane er ei fjellkjede i Sørvest-Europa, og dannar den naturlege grensa mellom Frankrike og Spania. Ho skil Pyrenéhalvøya frå Frankrike, og strekkjer seg om lag 430 km frå Atlanterhavet (Biscayabukta) til Middelhavet (Cap de Creus).
Stort sett dannar hovudryggen den fransk-spanske grensa med Andorra i mellom. Det største unntaket er Val d'Aran, som høyrer til Spania på nordsida av fjellkjeda. Andre mindre orografiske unntak er Cerdanya og den spanske eksklaven Llívia.
Pyreneane er kalla opp etter Pyrene (brann på gresk), som var dotter av Bebryx og som vart valdteken av Herakles. Etter at ho fødde ein slange vart ho skremd og flykta til fjella, og vart her anten brend eller eten av ville dyr. Herodot sette denne legenda på kartet sitt over Oikoumene (verda i følgje grekarane) så tidleg som 450 fvt.