R.E.M. | |||
Konsert i Padova i Italia, 22. juli 2003. Frå venstre: Mike Mills, Michael Stipe, Bill Rieflin og Peter Buck. | |||
Opphav | USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1980–2011 | ||
Sjanger | Rock Alternativ rock College-rock | ||
Plateselskap | I.R.S. Records Warner Bros. Records | ||
Medlemmer | Michael Stipe (vokal) Peter Buck (gitar) Mike Mills (bass) | ||
Tidlegare medlemmer | Bill Berry (trommer) | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame, Georgia Music Hall of Fame, Grammy Award for Best Pop Performance by a Duo or Group with Vocals |
R.E.M. er eit rockeband frå USA som vart danna i Athens i Georgia i USA i januar 1980 av vokalist Michael Stipe, gitarist Peter Buck, bassist Mike Mills og trommeslagaren Bill Berry.
Etter at dei debuterte med EP-en Chronic Town i 1982, gav bandet ut seks album på like mange år, frå Murmur i 1983 til Green i 1988. Den klare R.E.M.-lyden og dei kryptiske tekstane til Stipe hadde stor påverknad på mange band, både skrangle-pop band på 80-talet og alternativ rock-band på 90-talet. Etter å ha oppnådd suksess på nytt plateselskap mot slutten av 80-talet og tidleg på 90-talet kunne bandet fronte sine eigne politiske saker på same tid som dei spelte på store arenaer verda over. Plater som Out of Time (1991) og Automatic for the People (1992) selde til platinum fleire gonger og vart godt tekne imot både av fans og kritikarar.
I 1997, etter at R.E.M. hadde signert ny kontrakt med plateselskapet sitt, Warner Bros. Records, for rekordsummen 80 millionar dollar, forlét trommeslagar Bill Berry bandet. R.E.M. heldt fram med dei 3 attverande medlemmene. Etter ein del forandringar i musikkstil heldt bandet fram i det neste tiåret med blanda kommersiell suksess. I 2007 vart historia og påverknaden til bandet heidra med plass i amerikanske Rock and Roll Hall of Fame. I september 2011 annonserte R.E.M. på nettsida si at dei hadde oppløyst bandet.[1]