Rashidun-kalifatet var eit kalifat som eksisterte mellom 632 og 661, leia av Abu Bakr, Umar ibn al-Khattab, Uthman ibn Affan og Ali ibn Abi Talib. Førstnemnde styrte under tittelen «etterfølgjar av sendebodet til Allah» (Khalifa-tul-Rassool), og dei to neste kalifane hadde tittelen «leiaren av dei truande» (amir al Muminin).
Kalifatet var grunnlaget for Det arabiske riket, og blei etterfølgd av Omajadekalifatet.