Raudt

Denne artikkelen handlar om det norske politiske partiet. For fargen, sjå raud.
Raudt

LandNoreg
Partileiar(ar)Marie Sneve Martinussen[1]
Grunnlagt11. mars 2007
HovudkvarterOslo
Ungdomsorg.Raud Ungdom
Donasjonar4 994 795 norsk krone (2021)[2]
Medlemstal14 215 (31. desember 2022)[3]
IdeologiRevolusjonær
sosialisme

Økososialisme
Feminisme
Marxisme
Farge     Raudt
Slagord«Fordi fellesskap fungerer»
Ordførarar
0 / 428
Kommunestyre-
representantar
80 / 10 620
Fylkestings-
representantar
10 / 777
Stortings-
representantar
1 / 169

Raudt (R) er eit norsk sosialistisk parti. Partiet var stifta i 2007, etter at Arbeidaranes Kommunistparti (AKP) og Raud Valallianse (RV) var avvikla for å samle kreftene på ytste venstrefløy i Noreg i eit nytt politisk parti. Raud Ungdom heldt fram som ungdomsorganisasjonen til partiet Raudt.

Marie Sneve Martinussen er konstituerande partileiar frå 2023. Charlotte Therkelsen er nestleiar. Reidar Strisland er partisekretær. Leiaren i Raud Ungdom er Liv Müller Smith-Sivertsen.

Ved stortingsvalet i 2017 vart leiaren i partiet, Bjørnar Moxnes, vald inn frå Oslo. Raudt fekk 2,4 prosent av stemmene på landsplan, mot 1,3 prosent i 2013. I Oslo fekk partiet 6,3 prosent, mot 3,2 prosent i 2013.

  1. «Bjørnar Moxnes går av som Rødt-leder». 24. juli 2023. 
  2. https://www.partifinansiering.no/nb/arlige-bidrag.
  3. «Ny medlemsrekord i Rødt» (på bokmål). 13. januar 2023. Arkivert frå originalen 15. januar 2023. 

Developed by StudentB