Ray Davies

Ray Davies

Ray Davies in Brussels, 1985
Fødd21. juni 1944 (80 år)
FødestadFortis Green
FødenamnRaymond Douglas Davies
OpphavFortis Green i London i England
Aktiv1963–til i dag
SjangerRock, hardrock, pop
InstrumentVokal, gitar, munnspel
Tilknytte artistarThe Kinks
PlateselskapMNRK Music Group
Verka somLåtskrivar, musikar
Sambuar medChrissie Hynde
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, Knight Bachelor, MOJO Awards

Ray Davies eller Raymond Douglas Davies (fødd 21. juni 1944 i London) er ein engelsk rockemusikar som er mest kjend som vokalist og låtskrivar i The Kinks - eit av dei fremste og langvarige engelske rockebanda - som han skipa i lag med den yngre broren, Dave. Han har òg vore skodespelar og regissert og produsert show for teater og fjernsyn.

Etter The Kinks la opp på midten av 1990-talet, starta Ray Davies solokarrieren sin som singer-songwriter.

Davis var kunststudent på Hornsey College of Art i London i 1962–1963, då the Kinks utvikla seg til eit profesjonelt band tidleg i 1964. Det var stort sett Davies som skreiv dei fleste songane til bandet og var i røynda frontmann og leiaren, særleg etter at bandet slo igjennom med songen «You Really Got Me», som han skreiv. Davies førte the Kinks gjennom ein musikalsk eksperimentell perioden mellom 1966 og 1976 med både kunstnarisk og kommersiell suksess. Mellom 1977 til bandet gav seg i 1996, gjekk Davies og bandet tilbake til dei tidlegare rockerøtene sine, og opplevde ein ny populær periode.

I 1990 vart Davies, i lag med the Kinks, innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og i 2005 i UK Music Hall of Fame.

Davies har hatt eit stormande «elsk-hat» forhold til den yngre broren og gitaristen i the Kinks, Dave Davies. Songane hans og det musikalske talentet hans har vorte hylla av musikkindustrien, men gjennom heile karrieren har han hatt rykte på seg for å vere særs sjølvstendig og revolusjonær, og har stadig vore i konflikt med både bandkollegaer og musikkindustrien.

Davies in the Netherlands, 2006

4. januar 2004 vart Davies skoten i foten då han jaga nokre ranarar, som hadde tatt veska til partnaren hans då dei vandra i French Quarter i New Orleans i USA.[1] Hendinga skjedde berre ei veke etter at han vart Commander i Den britiske imperieordenen.

  1. «Kinks star shot in New Orleans». CNN.com, 5. januar 2004. Henta 9. april 2009. 

Developed by StudentB