Nobelprisen i fysikk
1965
Richard Phillips Feynman (11. mai 1918–15. februar 1988) var ein framståande amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1956 saman med Julian Schwinger og Sin-Itiro Tomonaga for arbeidet sitt med kvanteelektrodynamikk.
Feynman var ein av dei viktigaste amerikanske fysikarane på 1900-talet, med uvurderlege bidrag til teorien for kvanteelektrodynamikken. Han var ein inspirerande forelesar og amatørmusikar, han medverka til utviklinga av atombomba, og vart seinare medlem av kommisjonen som undersøkte Challenger-ulukka. Han er òg kjend for dei mange eventyra sine, som skildra i bøkene Surely You're Joking, Mr. Feynman!, What Do You Care What Other People Think? og Tuva Or Bust!. Feynman var på mange måtar ein eksentrikar og ein fri fugl.