Richie Faulkner | |||
Richie Faulkner spelar med Lauren Harris under Gods of Metal-festivalen (2009). | |||
Fødd | 1. januar 1980 (44 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London i England | ||
Fødenamn | Richard Ian Faulkner | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 2001 til i dag | ||
Sjanger | Heavy metal, hardrock | ||
Instrument | Gitar, vokal | ||
Kjende instrument | Gibson Les Paul, Gibson Flying V | ||
Tilknytte artistar | Judas Priest, Lauren Harris, Christopher Lee | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Richard Ian Faulkner (fødd 1. januar 1980) er ein engelsk gitarist.
Faulkner vart fødd i London. Tidleg i karrieren sin spelte han i band som Dirty Deeds, Voodoo Six, Ace Mafia og bandet til Lauren Harris. Den 20. april 2011 vart han utpeikt som etterfølgjaren til K.K. Downing i heavy metal-bandet Judas Priest.[1]
Den første konserten hans med bandet var 25. mai 2011 på American Idol, der bandet spelte «Living After Midnight» og «Breaking the Law» med James Durbin.[2]
Han har òg arrangert musikk for heavy metal-albumet til skodespelaren Christopher Lee Charlemagne: The Omens of Death, som kom ut på 27. mai 2013 på 91-årsdagen til Lee.