Rocket Man

Rocket Man (I Think It's Going to Be a Long Long Time)
Singel av Elton John
frå albumet Honky Château
B-side

«Susie (Dramas)»

Språk engelsk
Utgjeve 17. april 1972
Innspelt januar 1972
Sjanger Softrock
Lengd 4:41
Selskap MCA (US/Canada)
DJM (rest of the world)
Komponist Elton John
Tekstforfattar Bernie Taupin
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi 
«Tiny Dancer»
(1972)
Rocket Man (I Think It's Going to Be a Long Long Time) «Honky Cat»
(1972)


«Rocket Man (I Think It's Going to Be a Long, Long Time)» er ein song skriven av Elton John og Bernie Taupin, og opphavleg spelt inn av John. Songen kom først ut på albumet Honky Château i 1972 og vart ein hitsingel. Han nådde andreplassen i Storbritannia og sjetteplass i USA.

Songen baserer seg på eit liknande tema som David Bowie-songen «Space Oddity» frå 1969 (begge innspelingane var produserte av Gus Dudgeon), men ifølgje ei forteljing i boka til Elizabeth Rosenthal, His Song: The Musical Journey of Elton John, var songen inspirert av Taupin som anten såg eit stjerneskot eller ei fly i det fjerne. Teksten omhandlar korleis astronautar ikkje lenger vart sett på som heltar, men at det hadde vorte eit «kvardagsyrke». Som John syng i opningslinjene, «She packed my bags last night, pre-flight. Zero hour: 9 a.m. And I'm gonna be high as a kite by then». Musikalsk er songen ein popballade med intrikat arrangerment, der synthesiser og slidegitar medverkar til den bakomliggande stemninga.

«Rocket Man» vart rangert på 245. plass i 2010 på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Ein annan song kalla «Rocket Man» vart gjeven ut av bandet Pearls Before Swine i 1970 på albumet The Use of Ashes. I eit intervju med Billboard sa Taupin at han kjente til songen, skriven av Tom Rapp, og at songen hadde vore ein direkte inspirasjon for teksten hans. På grunn av likskapar mellom «Rocket Man» og Bowie sin «Space Oddity». Bowie sjølv tok opp denne samanhengen på konsertversjonar av «Space Oddity» då han song ut «Oh, Rocket Man!»[1]

  1. On "David Bowie BBC Sessions 1969-1972", der ein tydeleg kan høyre dette

Developed by StudentB