Royal Borough of Kensington and Chelsea | |||
bydel | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Stor-London | ||
Areal | 12,1238 km² | ||
Folketal | 156 197 (2018)[1] | ||
Royal Borough of Kensington and Chelsea 51°30′08″N 0°11′43″W / 51.502222222222°N 0.19527777777778°W | |||
Wikimedia Commons: Royal Borough of Kensington and Chelsea |
Kensington and Chelsea (The Royal Borough of Kensington and Chelsea) er ein bydel i vestre del av det indre London. Den blei oppretta i 1965 ved at bydelane Kensington og Chelsea blei slått saman. Grunna fleire kongelege residensar som ligg i bydelen, blir han ofte kalla ein «Royal Borough», medan andre bydelar blir kalla «London Borough».
Med ein folketettleik på over 13 000 per km² er bydelen den administrative eininga med høgast folketettleik i Storbritannia.