Rudolf Nilsen | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. februar 1901 Christiania |
Død |
23. april 1929 (28 år) |
Yrke | journalist, lyrikar, skribent |
Politisk parti | Norges Kommunistiske Parti |
Ektefelle | Ella Hval |
Rudolf Nilsen på Commons |
Rudolf Nilsen (28. februar 1901–23. april 1929), fødd i Kristiania, var ein norsk diktar og lyrikar. Mange av dikta hans er prega av klassekampen på 1920-talet. Nilsen vert sett på som ein av dei viktigaste arbeidardiktarane i Noreg. Han skreiv òg upolitiske og romantiske dikt, dikt om Oslo og om menneska som levde der. På 1970-talet auka interessa for Nilsen sine verk sterkt, og det blei sett tonar til mange av dikta hans.
Dei siste fem åra av livet var Rudolf Nilsen gift med skodespelarinna Ella Signe Quist Kristoffersen, seinare Ella Hval. Han døydde i Paris, av tuberkulose, berre 28 år gamal.
Rudolf Nilsen er blitt minna ved at eit friområde ved Heimdalsgata 26 i Oslo (betre kjent som "Nr. 13" i eit av Rudolf Nilsen sine dikt) har fått namnet Rudolf Nilsens plass.