Rush | |||
Alex Lifeson, Geddy Lee og Neil Peart i Rush 30th Anniversary Tour photo, 2004 | |||
Opphav | Toronto i Ontario i Canada | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1968 til i dag | ||
Sjanger | hardrock, progressiv rock, heavy metal | ||
Plateselskap | Moon, Mercury, Anthem, Atlantic, Roadrunner | ||
Medlemmer | Alex Lifeson Geddy Lee Neil Peart | ||
Tidlegare medlemmer | John Rutsey Jeff Jones | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame, Juno Award for Breakthrough Group of the Year, Juno Award for Group of the Year, Juno Award for Group of the Year, Juno Award for Rock Album of the Year, Juno Award for Rock Album of the Year, Canadian Music Hall of Fame, Juno Award for Music DVD of the Year, Juno Award for Music DVD of the Year, Juno Award for Rock Album of the Year, Canada’s Walk of Fame, Governor General’s Performing Arts Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Juno Humanitarian Award |
Rush er eit kanadisk rockband danna i august 1968, i Willowdale i Toronto i Ontario. Bandet består av bassist, klaverspelar og vokalist Geddy Lee, gitarist og korvokalist Alex Lifeson og trommeslagar, perkusjonist og tekstforfattar Neil Peart. Bandet og besetninga gjekk gjennom fleire endringar mellom 1968 og 1974, men fekk den noverande forma si i då Peart erstatta den opphavlege trommeslagaren John Rutsey i juli 1974, to veker før den første USA-turneen til bandet. Rutsey forlét bandet hovudsakleg fordi han leid av diabetes.
Sidan debutalbumet til bandet i mars 1974 har Rush vore kjend som særs dugande musikarar, komplekse komposisjonar og eklektiske tekstar med tema som ofte er baserte på science fiction, fantasy og filosofi. Musikkstilen til Rush har endra seg gjennom åra og byrja med bluesinspirert heavy metal på dei første albuma, så hardrock, progressiv rock, og ein periode med kraftig bruk av synthesizerar. Dei har vorte omtalte som ei inspirasjonskjelde for mange andre artistar, som Metallica,[1] Primus[2] og The Smashing Pumpkins,[2] i tillegg til progressiv metal-band som Dream Theater[1] og Symphony X.[3]
Rush har vunne mange Juno-prisar og vart innlemma i Canadian Music Hall of Fame i 1994. I løpet av karrieren sin har kvar av medlemmane i bandet vorte rekna blant dei fremste på kvar sine instrument, og kvar av medlemmane har vorte kåra til dei beste på sine instrument i mange lesarundersøkingar. Som gruppe har Rush fått 24 gullplater og 14 platinaplater i USA.[4] Av rockeband er det berre The Beatles og The Rolling Stones som har fått fleire gull- eller platinaplater på rad.[5] Rush er òg den 79. mest selde artisten i USA med 25 millionar eksemplar.[6] Det er estimert at Rush har seld over 40 millionar album verda over.
Bandet gjorde ferdig sin Time Machine Tour i juli 2011 og gav ut det siste studioalbumet sitt, Clockwork Angels, i juni 2012.[7] Dei hadde sin siste turné i 2015. I 2018 gav Lifeson intervju der han sa at gruppa hadde gjeve seg.[8][9]