Росси́йская Федера́ция Rossijskaja Federatsija (norsk: Russland, russisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Gosudarstvennyj gimn Rossijskoj federatsii» | ||||||
Motto | Ikkje noko | ||||||
Offisielle språk | Russisk (mellom andre) | ||||||
Hovudstad | Moskva | ||||||
Styresett |
Føderal republikk Vladimir Putin Mikhail Misjustin | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
17 098 242 km² (1.) 0,5 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
142 257 519 (9.) 8,3 /km² (184.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Sovjetunionen 24. august, 1991 | ||||||
Nasjonaldag | 12. juni | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
3 471 000 mill. USD (6.) 24 500 USD (57.) | ||||||
Valuta | Rubel | ||||||
Tidssone | UTC+2 til +12 | ||||||
Telefonkode | +7 | ||||||
Toppnivådomene | .ru
|
Den russiske føderasjonen eller berre Russland (russisk: Российская Федерация, Rossijskaja Federatsija eller Россия, Rossija) er eit land i det austlege Europa og nordlege Asia. Storleiken er 17 075 200 km² og folketalet 142,9 millionar ved folketeljinga i 2010.[1] Den noverande staten Russland oppstod 25. desember 1991 som den største etterfylgjarstaten til den oppløyste Sovjetunionen.
Russland er det største landet i verda i areal, det strekkjer seg frå grensa mot Noreg og Finland i nordvest til Beringsundet i nordaust, frå grensene mot Baltikum, Kviterussland og Ukraina i vest, austover tvers gjennom Asia til grensa mot Nord-Korea og det nordlege Stillehavet. Russland er såleis både eit europeisk og eit asiatisk land, den geografiske grensa mellom verdsdelane blir vanlegvis rekna å gå langs fjellkjedene Ural og Kaukasus.
Politisk er Russland ein asymmetrisk føderasjon, dvs at dei 84 føderasjonssubjekta, som føderasjonen er bygd opp av, har ulik grad av sjølvstyre. Størst sjølvstyre har dei 21 republikkane, som opphavleg vart oppretta som sjølvstyrte einingar for etniske minoritetsgrupper. Hovudspråket russisk er eit av dei indo-europeiske språka.