San Diego er, med sine 1 307 402 ibuarar, den åttande største byen i USA og den nest største i delstaten California. Byen ligg ved Stillehavskysten i det sørvestlege hjørnet av USA, heilt inntil den meksikanske grensa. San Diego er kjend for sitt milde klima og si tilknyting til den USA-amerikanske marinen. Mange av marinebåtane til USA har San Diego som sin base.