Saudi-Arabia

المملكة العربية السعودية
Al-Mamlakah al-ʿArabiyyah
as-Saʿūdiyyah

(norsk: Saudi-Arabia, saudiarabisk)

Det saudiarabiske flagget Det saudiarabiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Aash al malik»
Motto لا إله إلا الله محمد رسول الله
Transliterasjon: lā ilāhā illā-llāhu;
muhammadu-r-rasūlu-llāhi
)
Omsetjing: «Det finst ingen annan gud enn Allah,
og Muhammad er bodberaren åt Allah.»
Geografisk plassering av Saudi-Arabia
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Riyadh
Styresett
Monarki
Salman bin Abdulaziz
Muqrin bin Abdulaziz
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
2 149 690 km² (12.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
28 571 770 (46.)
13,3 /km² (178.)
Samla
23. september 1932
Nasjonaldag 23. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
1 849 000 mill. USD (13.)
57 000 USD (14.)
Valuta Saudiarabisk riyal
Tidssone UTC +3
Telefonkode +966
Toppnivådomene .sa


Saudi-Arabia (arabisk السعودية, as-Su‘ūdiyyah eller as-Sa‘ūdiyyah), offisielt kalla Kongedømet Saudi-Arabia (arabisk المملكة العربية السعودية al-Mamlakah al-‘Arabiyyah as-Su‘ūdiyyah) er eit arabisk land i Vest-Asia som dekkjer det meste av Den arabiske halvøya. Med eit landareal på 2 150 000 km², er Saudi-Arabia geografisk sett det neste største landet i Den arabiske verda etter Algerie. Saudi-Arabia grensar til Jordan og Irak i nord, Kuwait i nordaust, Qatar, Bahrain og Dei sameinte arabiske emirata i aust, Oman i søraust og Jemen i sør. Det er det einaste landet som grensar både til Raudehavet og Persiabukta, og det meste av terrenget er turr, ugjestmild ørken eller aude landformer.

Dagens Saudi-Arabia var tidlegare fire fråskilde regionar: Hejaz, Najd, og delar av Aust-Arabia (Al-Ahsa) og Sør-Arabia ('Asir).[1] Kongedømet Saudi-Arabia vart grunnlagd i 1932 av Ibn Saud. Han samla dei fire regionane til ein einskild stat gjennom ei rekkje erobringar frå og med 1902 med erobringa av Riyadh, der familien hans stamma frå; huset Saud. Landet har sidan vorte eit absolutt monarki, i røynda eit arveleg diktatur som vert styrt langs islamske liner. Wahhabi-islam har vorte kalla «det dominerande trekket ved saudisk kultur».[2][3] Saudi-Arabia vert stundom kalla «landet med dei to heilage moskeane», som viser til Al-Masjid al-Haram (i Mekka) og Al-Masjid an-Nabawi (i Medina), dei to heilagaste stadene i islam. Kongedømet har i alt 28,7 millionar innbyggjarar, der 20 millionar er saudiarabiske nasjonale og åtte millionar er utlendingar.[4][5][6]

Saudi-Arabia er den største oljeprodusenten og eksportøren i verda, og kontrollerer det nest største oljereservoaret i verda.[7] Med hjelp av fossile brensler har kongedømet vorte kategorisert som eit høginntektsland med høg Human Development Index (HDI),[8] og er det einaste arabiske landa blant G-20-landa.[9][10] Men Saudi-Arabia har den minst spreidde økonomien av landa i Golfrådet (GCC).[11] Det er eit monarkisk einevelde[12][13] og er rangert som «Ikkje fritt» av Freedom House.[14] Saudi-Arabia er nummer fire i verda i høve til militære utgifter,[15][16] og i 2010–14 hadde SIPRI Saudi-Arabia som den nest største våpenimportøren i verda.[17] Saudi-Arabia vert rekna som ei regional- og mellommakt.[18] I tillegg til GCC, er landet ein aktiv medlem i Organisasjonen for islamsk samarbeid og OPEC.[19]

  1. Madawi Al-Rasheed (2013). A Most Masculine State: Gender, Politics and Religion in Saudi-Arabia. s. 65. 
  2. Tripp, Culture Shock, 2003: s.14
  3. Malbouisson, s. 23
  4. «Saudi Arabia profile – Key facts». BBC News. 23. mai 2013
  5. «Saudi-Arabia Launches New Housing Scheme To Ease Shortage». 
  6. «Demography of Religion in the Gulf». Mehrdad Izady. 2013. 
  7. http://www.eia.gov/countries/index.cfm?view=production
  8. Human Development Report 2014 (PDF). United Nations. 2013. s. 159. 
  9. James Wynbrandt (2004). A Brief History of Saudi-Arabia. Infobase Publishing. s. 242. ISBN 978-1-4381-0830-8. 
  10. Soldatkin, Vladimir; Astrasheuskaya, Nastassia (9. november 2011). «Saudi-Arabia to overtake Russia as top oil producer-IEA». Reuters. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 13. oktober 2015. 
  11. «UAE has most diversified GCC economy». emirates247.com. 6. januar 2014. 
  12. «The Authoritarian Resurgence: Saudi-Arabia’s Anxious Autocrats». Carnegie Endowment. Henta 10. oktober 2015. 
  13. Democracy index 2012 Democracy at a standstill (PDF). The Economist Intelligence Unit. 2012. 
  14. «Freedom House. Saudi-Arabia». freedomhouse.org. Arkivert frå originalen 2. august 2015. Henta 13. oktober 2015. 
  15. The Military Balance 2014: Top 15 Defence Budgets 2013 (IISS)
  16. «The 15 countries with the highest military expenditure i 2013 (table)» (PDF). Stockholm internasjonale fredforskingsinstitutt. 
  17. «Trends in International Arms Transfer, 2014». www.sipri.org. Stockholm internasjonale fredforskingsinstitutt. Henta 18. mars 2015. 
  18. Barry Buzan (2004). The United States and the Great Powers. Cambridge, United Kingdom: Polity Press. s. 71. ISBN 0-7456-3375-7. 
  19. «The erosion of Saudi-Arabia's image among its neighbours». Middleeastmonitor.com. 7. november 2013. Arkivert frå originalen 9. november 2013. Henta 13. oktober 2015. 

Developed by StudentB