Scott Walker | |||
Scott Walker (1968) | |||
Fødd | 9. januar 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hamilton i Ohio | ||
Død | 22. mars 2019 (76 år) | ||
Dødsstad | London | ||
Fødenamn | Noel Scott Engel | ||
Opphav | USA, Storbritannia | ||
Aktiv | 1958 til i dag | ||
Sjanger | Eksperimentell, pop, rock, country, kunstrock, barokkpop | ||
Instrument | Gitar, elektrisk bass, klaverinstrument, song | ||
Stemmetype | baryton | ||
Plateselskap | Philips/Fontana, Columbia, Drag City, Virgin, 4AD | ||
Verka som | songar-låtskrivar, musikkprodusent, songar, komponist, gitarist, musikar |
Scott Walker (fødd 9. januar 1943 som Noel Scott Engel, daud 22. mars 2019)[1][2] var ein amerikansk-britisk songar og låtskrivar, komponist og plateprodusent. Han var kjend for den særeigne barytonstemma si (ein gong skildra som «ei av dei finaste stemmene nokon gong som syng om kjenslemessig smerte og det store ukjende»)[3] og for den uortodokse karriereretninga som tok han frå popikon i 1960-åra til eksperimentell musikar på 2000-talet.[3][4]
Han vart opphavleg kjend på midten av 1960-åra som frontmann i The Walker Brothers, som spelte popballadar med orkester, før han starta ein solokarriere som balanserte popballadar med stadig meir utførlege kunstnariske arrangement og låtskriving. Trass i ei rekkje kritikarroste album, selde platene dårleg, og han vart tvinga attende til standard popmusikk der han i langt mindre grad kunne påverke det kunstnariske resultatet. Dette førte etter kvart til ei gjenforeining med Walker Brothers i midten av 1970-åra, sjølv om dei då hadde gått inn i eit meir eksperimentelt musikalsk område.[3][4]
Sidan midten av 1980-åra tok Walker opp att solokarrieren sin og på drastisk vis fann han opp på ny dei kunstnariske metodane sine og måten han skreiv songar på med fleire kritikarroste og særs eksperimentelle album. Desse kombinerte den ikoniske vokalen hans, ein uroleg avantgarde tilnærmingsmåte som låg nærare modernistisk og postmodernistisk klassisk musikk enn popmusikken frå fortida hans. Denne endringa har vorte samanlikna med «Andy Williams finn opp seg sjølv som Stockhausen».[4]
Walker hadde ein aktiv karriere fram til han døydde og hadde i seinare år kontrakt med 4AD Records. Som plateprodusent eller gjesteartistar har han arbeidd med mange artistar som John Maus, Pulp og Bat For Lashes.
Trass i at Walker var amerikanar, har han stort sett hatt suksess frå Storbritannia, der dei første fire soloalbuma hans nådde Topp 10. Walker budde i Storbritannia sidan 1965 og vart britisk borgar i 1970.