Senterpartiet | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Trygve Slagsvold Vedum | ||
Generalsekretær | Knut Magnus Olsen | ||
Grunnlagt | 19. mai 1920 | ||
Hovudkvarter | Akersgata | ||
Ungdomsorg. | Senterungdommen | ||
Medlemstal | 19 860 (2022)[1] | ||
Ideologi | Sjå Verdigrunnlaget | ||
Politisk posisjon | sentrisme[2] | ||
Farge | Grøn | ||
Slagord | «Vi tror på hele Norge» | ||
Ordførarar | 103 / 428
| ||
Kommunestyre- representantar | 1 774 / 10 620
| ||
Fylkestings- representantar | 80 / 777
| ||
Stortings- representantar | 19 / 169
|
Senterpartiet (SP) er eit norsk politisk parti med grunnlag i den norske primærnæringsrørsla (bonde- og fiskarrørsla) som vart stifta på landsmøtet i Noregs Bondelag i 1920. Partiet vart kalla Bondepartiet og var det andre klassepartiet i Noreg, etter Arbeidarpartiet. Partiet braut dei organisatoriske banda til bonderørsla allereie i 1922, og i 1959 endra dei namn til Senterpartiet, etter ei kort tid med namnet Folkestyrepartiet.
Senterpartiet er blant dei klåraste motstandarane mot norsk medlemskap i EU. Dei arbeider for desentralisering av statleg makt, og at økologiske (miljømessige)omnsyn må vere grunnleggande for staten og i samfunnet generelt.
Senterpartiet sat, frå 2005 til 2013, i fleirtalsregjeringa Stoltenberg II saman med Arbeidarpartiet og SV. Regjeringsforhandlingane vart gjort på Soria Moria.
Førre gong Senterpartiet sat i regjering, var det saman med KrF og Venstre i Sentrumsregjeringa. Det var den første regjeringa i norsk historie som gjekk av etter å ha møtt stor motstand i Stortinget mot ei miljøsak; gasskraftsaka.
Partileiar i Senterpartiet er Trygve Slagsvold Vedum, som tok over etter Liv Signe Navarsete i 2014. Nestleiarar er Ola Borten Moe og Anne Beate Tvinnereim, som saman med leiaren og generalsekretær Knut M. Olsen, utgjer arbeidsutvalet til partiet.
Ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet heiter Senterungdomen, og partiavisa heiter Sentrum. Kvinnerørsla i partiet heiter Senterkvinnene og partiet har eit eige Samepolitisk Råd.