Sint Eustatius | |||
øy | |||
|
|||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Del av | Karibisk Nederland, Leewardøyane, Dei små Antillane, Karibia | ||
Areal | 21 km² | ||
Folketal | 3 293 (1. januar 2023)[1] | ||
Sint Eustatius 17°29′00″N 62°58′00″W / 17.483333333333°N 62.966666666667°W | |||
Kart som viser Sint Eustatius.
| |||
Wikimedia Commons: Sint Eustatius |
Sint Eustatius (òg kjent som Saint Eustace og Statia) er ei øy i Karibia som høyrer til Nederland. Øya har status som nederlandsk kommune med særstatus. Sint Eustatius utgjorde til 10. oktober 2010 ein del av Dei nederlandske Antillane. Øya ligg austom Dei amerikanske Jomfruøyane, har ein folkesetnad på 2768,[2] og er kalla opp etter den katolske helgenen Eustachius. Hovudstaden til øya er Oranjestad.