Skien | |||
By | |||
Skien sentrum sett frå aust mot vest.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Skien | ||
Del av | Porsgrunn/Skien | ||
Koordinatar | 59°12′34.6″N 9°36′32.3″E / 59.209611°N 9.608972°E | ||
Areal | 25,82 km² | ||
• storbyområde | 54,05 km² | ||
Folketal | 48 296 (2015) | ||
- storby | 95 763 | ||
Folketettleik | 1 772 / km² | ||
Preposisjon | i Skien | ||
Skien 59°12′35″N 9°36′32″E / 59.20962°N 9.60897°E | |||
Kart som viser Skien.
| |||
Wikimedia Commons: Skien | |||
Nettstad: www.skien.kommune.no |
Skien er ein by og administrasjonssenter i Skien kommune i Telemark. Byen ligg ved Skienselva søraust i kommunen og utgjer den delen av tettstaden Skien/Porsgrunn som ligg i Skien kommune. Skiendelen av denne tettstaden har 48 296 innbyggjarar (2015).[1]
Skien bysenter ligg der Farelva frå Norsjø dannar Hjellevatnet, og deler seg i ein foss på kvar side av Klosterøya og hamnebassenget øvst i Skienselva. Det kuperte terrenget gjer sentrum i Skien trongt med ein hovudakse nord–sør. Byen fekk si nåverande sentrumsregulering etter den siste store bybrannen i 1886.
Skien er sete for fylkesmannen og fylkeskommunens administrasjon. I byen ligg også sjukehuset Telemark HF og ei rekke vidaregåande skular. Det er fengsel på Rødmyr, travbane på Klosterskogen, og idretts- og symjehall (Skienshallen).
I byen kjem avisene Telemarksavisa og Varden ut.