Slaget ved Aughrim | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den vilhelminske krigen i Irland | |||||||
Minneskross på staden der slaget ved Aughrim fann stad | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Jakobinske styrkar - irske og franske soldatar[1] | Vilhelminske styrkar - irske, nederlandske, engelske, skotske, danske og franske hugenottar[2] | ||||||
Kommandantar | |||||||
marki de St Ruth† | Godert de Ginkell | ||||||
Styrkar | |||||||
18 000 | 20 000 | ||||||
Tap | |||||||
4 000 drepne og 3-4 000 tekne til fange eller sakna | 3 000 drepne |
Dromore · Derry · Bantry Bay · Newtownbutler · Boyne · 1. Limerick · Cork og Kinsale · Athlone · Aughrim · 2. Limerick |
Slaget ved Aughrim var det avgjerande slaget i den vilhelminske krigen i Irland. Det vart utkjempa mellom jakobittane og styrkane til Vilhelm III den 22. juli 1691 nær landsbyen Aughrim i County Galway.
Slaget var eit av dei blodigaste som vart utkjempa på irsk jord – over 7 000 menneske mista livet. Slaget avslutta meir eller mindre jakobitismen i Irland, sjølv om byen Limerick heldt ut fram til hausten 1691.