40°26′29.86″N 80°00′39.40″W / 40.4416278°N 80.0109444°W
| ||||||||||||||||||||||||||||||
|
Slaget ved Fort Duquesne var eit britiske åtak på eit fransk fort (der Pittsburgh seinare kom til å ligge) som vart driven tilbake med store tap den 14. september 1758, under den franske og indianske krigen.
Åtaket på Fort Duquesne var ein del av dein stor britisk ekspedisjon med 6000 soldatar leia av general John Forbes. Dei skulle drive franskmennene ut av Ohio Country (øvre Ohio River-dalen) og klargjere vegen for ein invasjon av Canada. Forbes gav ordre til major James Grant om å rekognosere i området med 850 mann. Då Grant på eiga hand gjekk til åtak på den franske stillinga, vart styrken hans utmanøvrert og måtte overgje seg etter å ha stort sett vorte øydelagd av franskmennene og deira alliere, leia av François-Marie Le marsand de Lignery. Major Grant vart tekne til fange og dei britiske overlevande trekte seg attende til Fort Ligonier.
Fleire av dei allierte indianarane til franskmennene hadde desertert og styrken til Forbes var på veg med ein styrke som var langt større enn den franskmennene hadde. Dei valde derfor å sprenge magasina sine og brenne Fort Duquesne. I november hadde franskmennene trekt seg ut av Ohio-dalen og dei britiske kolonistane reiste Fort Pitt på staden.