Slaget ved Villaviciosa | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
Vendôme og Filip V av Spania i Villaviciosa av Jean Alaux. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Bourbon-Spania Frankrike |
Det tysk-romerske riket Habsburg-Spania Dei sameinte Nederlanda Kongedømet Portugal Storbritannia | ||||||
Kommandantar | |||||||
Filip V av Spania Hertugen av Vendôme Greven av Aguilar Marquis of Valdecañas |
Guido Starhemberg Von Frankemberg Antoni de Villarroel Count of Atalaya | ||||||
Styrkar | |||||||
20 000 (hovudsakleg spanske soldatar)[1] | 14 000 (hovudsakleg tyske soldatar)[1] | ||||||
Tap | |||||||
2 000–3 000 døde eller skadde | 2 000–3 000 døde eller skadde |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Slaget ved Villaviciosa fann stad den 10. desember 1710 mellom ein fransk-spansk arme leia av Louis Joseph, hertugen av Vendôme og Filip V av Spania[2] og ein habsburg-alliert arme kommandert av austerrikaren Guido Starhemberg under den spanske arvefølgjekrigen,[3] ein dag etter den avgjerande fransk-spanske sigeren i Brihuega mot ein britisk arme under James Stanhope.[1][4] Filip V og erkehertug Karl gjorde begge krav på sigeren, men talet på døde og skadde, og artilleriet og andre våpen som vart etterlaten av den allierte armeen, samt den strategiske konsekvensen for krigen, stadfesta at det var ein avgjerande siger for Filip V av Spania.[5]
Slaget vart i stor grad avgjort av den avgjerande rolla til dei spanske kavaleriskvadronane og dragonane kommandert av markien av Valdecañas og greven av Aguilar,[6] som var langt fleire enn den fiendtlege armeen sine.[5] Til slutt måtte den austerrikske generalen trekkje seg og vart stadig forstyrra av det spanske kavaleriet under tilbaketrekkinga.[5][6] Armeen hans var redusert til 6 000 eller 7 000 mann[5] då han nådde Barcelona den 6. januar, nesten den einaste staden i Spania der Karl framleis hadde kontroll.[5]