Slektsnamn

Det kinesiske slektsnamnet Li er det vanlegaste i verda.

Slektsnamn eller familienamn er den delen av ein person sitt namn som er felles for slekta hans. I Noreg og dei fleste vestleg land kjem slektsnamnet sist, etter førenamn og mellomnamn, og blir derfor som regel bruka synonymt med etternamn. Andre stader, særleg i Asia, er det vanleg å ha slektsnamnet først.

Det har vore ein tradisjon mange stader i Vesten, og er framleis vanleg mange stader, at kvinnene tek slektsnamnet til mannen når dei giftar seg. Det etternamnet kvinnene hadde før dei gifta seg, vert gjerne kalla «jentenamn» eller «pikenavn». I dag vel mange å ikkje skifte slektsnamn i det heile når dei giftar seg, nokre kvinner tek slektsnamnet til mannen, men har framleis det gamle slektsnamnet som mellomnamn, og i nokre tilfelle tek mannen og kvinna kvarandre sitt slektsnamn og slår dei i lag til eit nytt «bindestreknamn».


Developed by StudentB