59°55′1.2000″N 10°43′40.181″E / 59.917000000°N 10.72782806°E
Slottet | |||
| |||
Offisielt namn | Det kongelige slott | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Slottet | ||
Adresse | Slottsplassen 1 0010 Oslo | ||
Stad | Oslo i Noreg | ||
Arkitekt | Hans Ditlev Franciscus von Linstow | ||
Påbegynt | 1824 | ||
Opna | 26. juli 1849 | ||
Etasjar | 3 | ||
Rom | 173 | ||
Stil | nyklassisistisk arkitektur | ||
Slottet 59°55′01″N 10°43′39″E / 59.916911111111°N 10.727566666667°E |
Slottet er nemninga på den offisielle bustaden til den norske kongen. Det ligg øvst på Karl Johans gate i Oslo, men har hatt adressa Drammensveien 1, seinare Henrik Ibsens gate 1, og no berre Slottsplassen, som har vorte det offisielle namnet på plassen framfor Slottet.
Slottet er bustad og arbeidsplass for kongefamilien. Her tek kongen imot regjeringa i statsråd, tek imot audienssøkjande og held offisielle middagar. Utanlandske statsoverhovud som kjem til Oslo på statsvitjing, bur på Slottet. Dei fleste av dei tilsette ved Det kongelege hoffet har normalt den daglege arbeidsplassen sin her.