Softrock | |||
Stilmessig opphav | Rock and roll Hardrock Poprock Pop Jazz | ||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | 1970-åra | ||
Typiske instrument | Elektrisk gitar, bassgitar, akustisk gitar, 12-strengsgitar, trommer, piano, synthesizer, saksofon |
Softrock (stundom òg kalla light rock eller easy rock) er ein musikksjanger der ein nyttar teknikkar frå rock and roll til å lage mjukare og meir lyttarvennleg musikk[1], ofte for arbeid eller bilkøyring. Softrock vert ofte sunge i høgare tonehøgd enn rock og tekstane fokuserer ofte på generelle tema som kjærleik, kvardagsliv og forhold. Det vert ofte nytta mykje piano, synthesizer og stundom saksofon i sjangern. Enkelte gonger vert det nytta elektrisk, akustisk eller 12-strengsgitar.