Spoken word er ei poesiform som legg vekt på munnleg framføring. Ho blei utvikla på 1900-talet med basis i eldre munnleg kunstnarisk tradisjon, med fokus på estetikken av resitasjon og ordspel, som intonasjonen og stemmbruken til utøvaren. Spoken word er ein vid sajnger som kan omfatta alle typar poesi som blir framført, som høgtlesingar, poetry slam, jazzpoesi og hiphopmusikk, og kan inkludera komedie og prosa-monologar.[1] I motsetnad til skriftleg poesi tek dei poetiske tekstane mindre frå den visuelle estetikken, og er meir avhengig av fonestetikk, eller estetikken av lyd.