Stad kommune | |||
kommune | |||
Vegen ned til Hoddevik på Stadlandet.
| |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Nordfjordeid | ||
Areal | 752,78 km² | ||
• land | 695,59 km² | ||
• vatn | 57,19 km² | ||
Folketal | 9 610 (1. januar 2024) | ||
Målform | Nynorsk | ||
Ordførar | Sigurd Reksnes (Sp) (2023) | ||
Kommunenr. | 4649 | ||
Stad kommune 61°54′41″N 6°02′14″E / 61.91139°N 6.03722°E | |||
Kart som viser Stad kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Stad, Norway | |||
Nettstad: stad.kommune.no |
Stad er ein kommune i Vestland fylke som blei danna 1. januar 2020 gjennom ei samanslåing av Selje og Eid kommune.[1][2] Ved opprettinga blei det også gjort ei grensejustering slik at området Bryggja (grunnkrinsane Totland, Bryggja og Maurstad) frå Vågsøy kommune blei lagde til Stad. Dette gjorde Stad til ein samanhengjande kommune, ettersom Selje og Eid ikkje heng saman.[3]
Namnet viser til halvøya Stad.