Statsuniversitetet i St. Petersburg

Statsuniversitetet i St. Petersburg

MottoHic tuta perennat, Здесь в безопасности пребывает
Grunnlagt8. februar 1724
RektorLjudmila Verbitskaja
StadSt. Petersburg
Studentar26 000
Nettstadhttp://www.spbu.ru/ (russisk)
Hovudbygningen til universitetet på Vasilij-øya inneheld blant anna kontoret til rektor og universitets-administrasjonen. Bygningen vart oppført etter ordrar frå Peter den store.

Statsuniversitetet i St. Petersburg (russisk Санкт-Петербургский государственный университет), grunnlagt i 1724, er eit av dei eldste, største og mest prestisjetunge universiteta i Russland. Under Sovjetunionen var universitetet kjent som Statsuniversitetet i Leningrad.

Universitetet består av 20 fakultet og 13 forskingsinstitutt, samt krigsskule og idrettsskule. Dei fleste av universitetsbygningane er i dei to store universitetsområda på høvesvis Vasilij-øya og i Peterhof. Universitetet har over 30 000 studentar, og over 10 000 tilsette.[1] Åtte tilsette ved universitetet har motteke Nobelprisen.

  1. St. Petersburg State University : University today, arkivert frå originalen 28. oktober 2012, henta 19. mars 2013 

Developed by StudentB