Steve Cropper | |||
Steve Cropper, april 2007 | |||
Fødd | 21. oktober 1941 (83 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dora i Missouri i USA | ||
Fødenamn | Steven Lee Cropper | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1958 til i dag | ||
Sjanger | Rhythm and blues, soul, funk, elektrisk blues, blues | ||
Instrument | Gitar | ||
Kjende instrument | Peavey Steve Cropper Classic Fender Telecaster | ||
Tilknytte artistar | Booker T. & the M.G.'s, The Mar-Keys, The Blues Brothers, Otis Redding, The Jeff Beck Group, Sam and Dave, Ringo Starr, John Lennon, Carla Thomas, Tower of Power, Wilson Pickett, Eddie Floyd, Ambergris | ||
Plateselskap | Stax | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent, skodespelar |
Steven Lee «Steve» Cropper (fødd 21. oktober 1941)[1] er ein USA-amerikansk gitarist, låtskrivar og plateprodusent. Han er mest kjend som gitarist i husbandet til Stax Records, Booker T. & the M.G.'s, og har akkompagnert artistar som Otis Redding, Sam & Dave, Carla Thomas, Rufus Thomas og Johnnie Taylor, og vore produsent på mange av desse innspelingane. Han vart seinare kjend som medlem i the Blues Brothers.[2] Rolling Stone rangerte han på 39. plassen på lista si over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[3] Mojo rangerte Cropper som den nest beste gitaristen gjennom tidene. Kallenamnet hans var «The Colonel».