Det norske flagget | Det norske riksvåpenet |
Status | Del av Kongeriket Noreg med dei avgrensingar som fylgjer av Svalbardtraktaten |
---|---|
Sysselmann | Odd Olsen Ingerø (2009-) |
Hovudstad | Longyearbyen |
Offisielt språk | Norsk |
Areal - % vatn |
61 022 km²
|
Folketal - totalt |
ca. 2 394 ([[2011]]) |
Verdsdel | Europa |
Internet-domene | .sj (ikkje i bruk, .no vert brukt [1]) |
Tidssone | UTC +1 |
Internasjonal telefonkode | +47 |
Nasjonalsong | Ja, vi elsker dette landet |
Svalbard er ei øygruppe i Nordishavet, og utgjer alle øyar, holmar og skjer mellom 74 og 81 grader nordleg breidd og 10 og 35 grader austleg lengd. Den totale storleiken er på ca 62 050 km². Dei største øyane er Spitsbergen, Nordaustlandet, Edgeøya og Bjørnøya. Etter Svalbardtraktaten (av 9. februar 1920) er Noreg tilkjent full og uinnskrenka suverenitet over Svalbard, med dei avgrensingane som fylgjer av traktaten. Etter lov av 17. juli 1925 er Svalbard ein del av Kongeriket Noreg.