Svensk svenska | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Germansk Nordisk Austnordisk Svensk | |
Talarar | svenskar, finlandssvenskar | |
Bruk | ||
Tala i | Sverige Finland Estland (tradisjonelt) | |
Område | Norden | |
Svensktalande i alt | >9 000 000 | |
Rangering | 89 | |
Skriftsystem | det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Sverige Finland (saman med finsk)
| |
Normert av | Svenska språknämnden (Den svenske språknemnda) | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | sv | |
ISO 639-2 | swe | |
ISO 639-3 | swe |
Svensk (svenska) høyrer til språkgruppa nordiske språk, som er ei undergruppe av den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Såleis er svensk nærast i slekt med, og i dei fleste fall gjensidig skjønleg med, dansk og norsk.
Svensk, dansk og norsk bokmål blir historisk sett rekna som austnordiske språk, medan nynorsk saman med færøysk og islandsk høyrer til dei vestnordiske språka, men likevel skjønar dei fleste svenskane tala norsk mykje betre på grunn av den like uttalen. Svenskar og danskar har problem med å skjøne kvarandre, medan nordmenn skjønar både svensk og dansk godt.
Etter ei anna inndeling, blir svensk, dansk og norsk kalla fastlandsskandinaviske språk, i motsetning til dei øyskandinaviske, islandsk og færøyisk. Da legg ein vekt på at dei tre førstnemnde i dag er gjensidig forståelege i større grad, og at dei fekk dei same forenklingane ved inngangen til nyare tid (frå 1500-talet, om lag) - som bortfall av kasusbøyingar og verbbøyingar i person.
I Noreg er det likevel vanlegast å tale om dei nordgermanske språka som nordiske språk, medan dei tre fastlandsspråka blir omtala som skandinaviske språk, rett og slett.