Konungariket Sverige
(norsk: Sverige, svensk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Du gamla, du fria» | ||||||
Motto | För Sverige i tiden | ||||||
Offisielle språk | Hovedspråk: Svensk Offisielle minoritetsspråk: Finsk, Samisk, Meänkieli, Romani, Jiddisch | ||||||
Hovudstad | Stockholm | ||||||
Styresett |
Konstitusjonelt monarki Carl XVI Gustaf Ulf Kristersson | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
450 295 km² (55.) 8,67 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2017) – Tettleik |
9 960 487 (90.) 10 093 487 22,1 /km² (158.) | ||||||
Sjølvstende - Skild frå Danmark-Noreg - Skild frå Noreg |
Historisk 6. juni 1523 7. juni 1905 | ||||||
Nasjonaldag | 6. juni | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
467 400 mill. USD (41.) 52 300 USD (18.) | ||||||
Valuta | Svensk krona | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +46 | ||||||
Toppnivådomene | .se
|
Sverige, også Sverike, offisielt Kongedømet Sverige (svensk: Konungariket Sverige), er eit land på den austlege delen av den skandinaviske halvøya i Europa. Andre namn for Sverige er Svearike og Sverike. Sverige grensar direkte til Noreg og Finland. Den nordlege delen av landet er dekt av skog. Der vert det utvunne jern, og av trea frå skogane vert det produsert papir. Den sentrale delen av landet har fruktbare jorder ut mot kysten og er industrielt sentrum i landet. Særleg gjeld dette metallindustri. Den sørlege delen av landet er primært involvert i landbruksproduksjon: kveite, potet, sukkerroer og kvegavl. Det er samstundes den delen av landet som er tettast folkesett. Kystområda ut mot Skagerrak og Austersjøen er svært forureina.