Tablett

Aspirintablettar.
Foto: Chaval Brasil
Tablettmaskin på Norsk Farmasihistorisk Museum.
Foto: Nina Aldin Thune

Tablett er den vanlegaste forma eit legemiddel har.

Ein tablett er berekna til peroral bruk og inneheld medisin i dosert mengd. Tablettar vert til vanleg laga ved at ein komprimerer ei pulverblanding. Om lag to tredelar av alle reseptar blir gitt som faste doseringsformer, og halvparten av desse er komprimerte tablettar.

Tabletten hadde en forløpar, Terea sigillata, som tyder forsegla jord og som var kjent i gresk medisin. Moderne tablettar er kjende frå 1843.


Developed by StudentB