Terrestrisk planet

Dei indre planetane, og samanlikning av storleikane deira.

Ein terrestrisk planet, tellurisk planet eller steinplanet er ein planet som hovudsakleg er bygd opp av silikatbergartar. Uttrykket kjem av det latinske ordet for jorda som er Terra. Så uttrykket tyder at desse planetane er «jordliknande». Terrestriske planetar er vesentleg annleis enn gasskjempene, som ikkje har faste overflatar og som hovudsakleg er bygd opp av hydrogen, helium og vatn i forskjellige fasetilstandar. Terrestriske planetar har meir eller mindre same struktur, ei sentral metallisk kjerne, for det meste jarn, med ein mantel rundt senteret bygd opp av silikat. Månen er liknande, men manglar jarnkjernen. Terrestriske planetar har djupe kløfter, krater, fjell og vulkanar. Dei har òg ein sekundær atmosfære, som er danna av intern vulkanisme eller kometnedslag, i motsetnad til gasskjempene som har ein primær atmosfære, som vart danna frå den opphavlege soltåka rundt sola.

Solsystemet vårt inneheld fire terrestriske planetar: Merkur, Venus, jorda og Mars, og ein terrestrisk dvergplanet, Ceres. Lekamar som Pluto liknar dei terrestriske planetane, og har fast overflate, men består hovudsakleg av is. Under danninga av solsystemet var det truleg mange fleire terrestriske planetar, men desse har anten smelta saman med eller vorte øydelagd av dei fire andre terrestriske planetane i soltåka. Ein kjenner berre til ein terrestrisk planet med aktiv hydrosfære, og det er jorda.


Developed by StudentB