The Doors

The Doors

The Doors spelar på dansk fjernsyn i 1968
OpphavLos Angeles i California i USA
Aktiv1965–1973
1978, 1993, 2000
SjangerPsykedelisk rock, acidrock, bluesrock, hardrock, rock[1][2][3]
Tilknytte artistarManzarek-Krieger, The Butts Band, Nite City
PlateselskapElektra
Rhino
Tidlegare medlemmerJim Morrison
Ray Manzarek
John Densmore
Robby Krieger
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame

The Doors var eit amerikansk rockeband starta i 1965 i Los Angeles med vokalisten Jim Morrison, klaverspelaren Ray Manzarek, trommeslagaren John Densmore og gitaristen Robby Krieger. Bandet tok namnet sitt frå Aldous Huxley-boka The Doors of Perception.[4] Dei var eit av dei mest kontroversielle banda i 1960-åra på grunn av dei ville, poetiske tekstane til Morrison og den karismatiske, men ureknelege scenepersonlegdomen hans. Etter at Morrison døydde i 1971 heldt dei gjenverande medlemmane saman som ein duo, fram til bandet vart oppløyst for godt i 1973.[5]

Sjølv om den aktive karrieren til The Doors enda i 1973, er dei framleis populære. I følgje RIAA har dei seld 32,5 millionar album berre i USA.[6] Bandet har seld over 90 millionar album på verdsbasis.[7] Ray Manzarek og Robby Krieger spelar framleis i lag som Manzarek-Krieger, og spelar berre songar av The Doors. Tre av studioalbuma til bandet, The Doors (1967), L.A. Woman (1971) og Strange Days (1967), ligg på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, på respektive 42., 362. og 407. plass. I 1993 vart The Doors innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

  1. The Doors All Music.com
  2. TimePieces All Music Amazon.com Cd universe Rolling Stones, arkivert frå originalen 24. juli 2010, henta 16. mars 2011 
  3. ondarock.it - "The Doors"
  4. Simmonds 2008, s. 45.
  5. Ruhlmann, William; Unterberger, Richie. «The Doors – Biography». Allmusic. Henta 16. mars 2011. 
  6. «Top Selling Artists». RIAA. 
  7. Johnny Depp to narrate 'The Doors' documentary. Asian News International.

Developed by StudentB