The Kinks

The Kinks

The Kinks i 1965. Frå venstre: Pete Quaife, Dave Davies, Ray Davies, Mick Avory.
OpphavLondon i England
Aktiv1963–1996, 2008-til i dag
SjangerRock, pop, hardrock
PlateselskapPye, Reprise, RCA, Arista, London, MCA, Sony, Konk/Guardian
MedlemmerRay Davies
Dave Davies
Mick Avory
Tidlegare medlemmerPete Quaife
John Dalton
John Gosling
Andy Pyle
Gordon Edwards
Mark Haley
Jim Rodford
Ian Gibbons
Bob Henrit
PrisarRock and Roll Hall of Fame

The Kinks er eit engelsk rockeband. Det vart danna 17. mars 1963 og var ein del av den britiske bølgja. The Kinks har vorte kalla eit av dei viktigaste rockebanda gjennom tidene og vore ei inspirasjonskjelde for mange andre band heilt frå starten av.[1]

The Kinks slo igjennom i 1964 med den tredje singelen sin, «You Really Got Me», skriven av Ray Davies. Namnet på bandet har hatt fleire forklaringar, mellom anna at det kom frå dei «kinky» lærkappene og støvlane dei hadde på under konsertane sine.[2] Den opphavlege besetninga bestod av Ray Davies på vokal og rytmegitar, Dave Davies på sologitar og vokal, Pete Quaife på korvokal og bass og Mick Avory på trommer og perkusjon. Etter at Quaife forlét bandet i 1969, heldt dei fram som eit tremannsband med forskjellige bassistar og keyboardistar. I 1984 førte krangling mellom Dave Davies og Mick Avory til at sistnemnde forlét bandet, og berre dei to brørne var att frå den opphavlege besetninga. Forholdet dei i mellom vart derimot òg dårlegare og etter fleire dårleg mottekne album la bandet til slutt inn årene i 1996.

Dei tidlege, drivande singlane til bandet sette rock and roll-standarden på midten av 1960-talet, medan album som Face to Face,[3] Something Else by The Kinks, The Kinks Are the Village Green Preservation Society, Arthur, Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One og Muswell Hillbillies og dei tilhøyrande singlane er høgt verdsette av tilhengjarar, kritikarar og likemenn, som nokre av dei viktigaste innspelingane på den tida.[2] I new wave-perioden spelte grupper som The Jam, The Knack og The Pretenders songane til Kinks[2] og britpop-artistar som Blur, Oasis og Supergrass har omtalt dei som ein stor påverknad.[1] Mange moderne band som The Killers, The Libertines og Franz Ferdinand har òg sagt liknande om The Kinks og låtskrivinga til Ray Davies. I VH1-dokumentaren HEAVY: the Story of Metal er The Kinks nemnt som ein av dei tidlegaste banda med spor av heavy metal.

Som ein sjølverklært Kinks-fan sa Pete Townshend for The History of Rock 'n' Roll: «The Kinks var det mest fullkomne engelske. Eg har alltid synst at Ray Davies ein dag bør bli hoffdiktar. Han kom opp med ei ny form for poesi og eit nytt språk for poptekstar som påverka meg heilt frå starten av.»

  1. 1,0 1,1 «The Kinks Biography on All Music.com». 
  2. 2,0 2,1 2,2 «The Kinks Biography på BBC Music.co.uk». 
  3. «The Kinks Biography on RollingStone.com». Arkivert frå originalen 21. juni 2008. Henta 2. april 2009. 

Developed by StudentB