The Mothers of Invention

The Mothers of Invention

The Grandmothers, består av tidlegare medlemmar i Mothers of Invention, i 2000.
AliasThe Mothers
Frank Zappa and The Mothers
Frank Zappa and The Mothers of Invention
Aktiv1964-1969, 1970-1971, 1972, 1973-1975
SjangerEksperimentell rock, progressiv rock, komedierock, psykedelisk rock, jazzfusion, avantgarde
Tilknytte artistarCanned Heat, Little Feat, The Turtles, Ruben and the Jets, Flo & Eddie, Captain Beefheart
PlateselskapVerve, Reprise, Bizarre, DiscReet

The Mothers of Invention var eit amerikansk rockeband frå California som fungerte som akkompagnement for Frank Zappa, ein sjølvopplært komponist og artist som med mange musikalske inspirasjonskjelder skapte musikk som ofte var umogeleg å kategorisere. Musikken deira er markert av eksperimentering, nyskapande plateomslag og utførlege konsertar.

Dei starta opphavleg som eit R&B-band kalla The Soul Giants, og med i dette bandet spelte Ray Collins, David Coronado, Ray Hunt, Roy Estrada og Jimmy Carl Black. Zappa vart bede om å ta over som gitarist i bandet etter ein krangel mellom Collins og den opphavlege gitaristen. Zappa insisterte på at dei skulle spele originale songar og at dei endra namn til The Mothers. Bandet vart starta i 1964 og vart populære i undergrunnsmiljøet i California på slutten av 1960-åra. Leia av Zappa fekk dei kontrakt med Verve Records og gav ut debutalbumet Freak Out! (1966), med ei besetning som bestod av Zappa, Collins, Black, Estrada og Elliot Ingber.

Med Zappa som leiar vart det mange utskiftingar i bandet, som gav ut ei rekkje kritikarroste album, som Absolutely Free, We're Only in It for the Money ogUncle Meat, før dei vart oppløyst av Zappa i 1969. I 1970 danna Zappa ei ny besetning av The Mothers som omfatta Ian Underwood, Jeff Simmons, George Duke, Aynsley Dunbar og songarane Mark Volman og Howard Kaylan, som tidlegare hadde sunge i The Turtles, og som kalla seg The Phlorescent Leech & Eddie av kontraktsårsaker. Seinare spelte eit anna tidlegare Turtle-medlem, bassisten Jim Pons, i denne besetninga, som vart fram til slutten av 1971, då Zappa vart hardt skadd av eit publikumsmedlem under ein konsert.

Zappa fokusert på storband og orkestermusikk medan han kom seg frå skadane, og danna seinare den siste besetninga med the Mothers i 1973, som omfatta Jean-Luc Ponty, Ralph Humphrey, Sal Marquez, George Duke, Tom og Bruce Fowler og Ruth og Ian Underwood. Det siste albumet med the Mothers som akkompagnement var, Bongo Fury (1975), med gitaristen Denny Walley og trommeslagaren Terry Bozzio, som heldt fram å spele med Zappa på andre album.


Developed by StudentB