The Star-Spangled Banner

«The Star-Spangled Banner» frå 1814, den første trykksaken der orda og notene blei kombinerte.
«The Star-Spangled Banner» framført av Margaret Woodrow Wilson i 1915.
«The Star-Spangled Banner» framført av «Fred Waring and His Pennsylvanians» i 1942

«The Star-Spangled Banner» er nasjonalsongen i USA. Songen er vigd det amerikanske flagget, eit svært viktig nasjonalt symbol i landet.

Teksten blei skriven i 1814 av advokaten og amatørdiktaren Francis Scott Key, etter at han hadde sett det britiske bombardementet av Fort McHenry i Baltimore under 1812-krigen. Det blei sett til melodien til ei kjend engelsk drikkevise, «To Anacreon in Heaven», og blei ein populær patriotisk song. Først den 3. mars 1931 blei «The Star-Spangled Banner» den offisielle nasjonalsongen for USA, etter eit vedtak i den amerikanske kongressen.

I dei fleste høve syng ein berre det fyrste verset av songen.


Developed by StudentB