Tibetansk

Tibetansk
བོད་སྐད་ bod skad
Klassifisering Sinotibetansk
 Tibetoburmansk
  Himalayisk
   Tibetokanaurisk
    Tibetansk
Talarar tibetanarar
Bruk
Tala i Kina, India, Nepal
Tibetansktalande i alt 6 150 000
Skriftsystem Tibetansk skrift
Offisiell status
Offisielt språk i Den autonome regionen Tibet (Folkerepublikken Kina)
Normert av Komiteen for standardisering av tibetansk (བོད་ཡིག་བརྡ་ཚད་ལྡན་དུ་སྒྱུར་བའི་ལ ས་དོན་ཨུ་ཡོན་ལྷན་ཁང་གིས་བསྒྲིགས / 藏语术语标准化工作委员会)
Språkkodar
ISO 639-1 bo
ISO 639-3 bod
Wikipedia på tibetansk

Tibetansk er eit språk som hovudsakleg blir snakka av det tibetanske folket som lever spreidd over eit stort område av austre Sentral-Asia og Sør-Asia, i tillegg til mange utvandra tibetanarar over heile verda. Fleire ulike variantar av tibetansk blir også snakka av folkeslag i nordlege Pakistan og i India i område som Baltistan og Ladakh, som begge ligg i eller rundt Kashmir. Språket finn vi i klassisk skrive form for det meste i lokal litteratur; særleg buddhist-litteratur.

Sjølv om klassisk tibetansk opphavleg ikkje er eit tonespråk, har nokre dialektar utvikla tonar. Dette gjeld sørleg Sentral- og Kham-dialektar, mens Amdo-dialekten og visse andre, vestlege dialektar er utan tonar. Tibetansk morfologi kan generelt beskrivast som agglutinerande.


Developed by StudentB