Tom Petty | |||
| |||
Fødd | 20. oktober 1950 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Gainesville i Florida i USA | ||
Død | 2. oktober 2017 | ||
Dødsstad | Santa Monica – UCLA Medical Center | ||
Fødenamn | Thomas Earl Petty | ||
Alias | Charlie T. Wilbury jr., Muddy Wilbury | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1969 til i dag | ||
Sjanger | Rock, rock and roll, roots rock, heartland rock, bluesrock | ||
Instrument | vokal, gitar, bass, klaverinstrument, munnspel, trommer | ||
Kjende instrument | |||
Tilknytte artistar | Epics, Mudcrutch, Tom Petty and the Heartbreakers, Traveling Wilburys, Stevie Nicks, Bob Dylan, Jeff Lynne, George Harrison, Grateful Dead, Roy Orbison, Bonnie Raitt, Sam Smith, Dwight Twilley | ||
Plateselskap | Shelter, Backstreet, MCA, Warner Bros., American, Reprise | ||
Verka som | Musikar, songar, låtskrivar, plateprodusent, skodespelar | ||
Born | Adria Petty | ||
Prisar | Florida Artists Hall of Fame |
Thomas Earl «Tom» Petty (20. oktober 1950–2. oktober 2017)[1][2] var ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, multi-instrumentalist og plateprodusent. Han er mest kjend som frontmann i Tom Petty and the Heartbreakers og som medlem i supergruppa Traveling Wilburys (under pseudonyma Charlie T. Wilbury jr. og Muddy Wilbury) og Mudcrutch.
Han har spelt inn mange hitsinglar med the Heartbreakers og som soloartist. Musikken hans har blitt klassifisert som rock and roll, heartland rock og til og med stoner rock. Musikken hans, og særleg hittane, har blitt populære hos yngre generasjonar og han spelar framleis utselde konsertar.[3] Gjennom karrieren har Petty seld meir enn 80 millionar plater og er derfor ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.[4] I 2002 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.