Tom Waits

Tom Waits

Fødd7. desember 1949 (74 år)
FødestadPomona
FødenamnThomas Alan Waits
OpphavUSA
Aktiv1972—
SjangerEksperimentell
Rock
Blues
Jazz
Folk
InstrumentVokal, piano, orgel, gitar og munnspel
Stemmetypebaryton
PlateselskapAsylum
Anti-
Island
Verka somSinger-songwriter
Komponist
Musikar
Skodespelar
Gift medKathleen Brennan
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Thomas Alan Waits (fødd 7. desember 1949) er ein amerikansk musikar, komponist og skodespelar. Waits er kjend for den særeigne stemma som ein kritikar omtalte som «om han var dyppa i bourbon, hengt i eit eldhus i nokre månadar og så tatt med ut og overkøyrd av ein bil»[1] Med den brummande stemma, blanding av stilartar som blues, jazz og Vaudeville og eksperimentelle tendensar på grensa til industriell musikk[2] har Waits skapt ein heilt særeigen stil. Waits har òg komponert musikk til filmar og musikalar og hatt biroller i fleire filmar, som Ironweed, The Fisher King og Bram Stoker's Dracula. Han har vorte nominert til Oscar-prisen for filmmusikken sin.

Tekstmessig er Waits sine songar kjend for ein atmosfære med portrett av bisarre og lurvete karakterar og stader, men han har òg ofte laga meir tradisjonelle balladar. Trass i at han vert spelt lite på radio og musikkvideoane hans vert lite vist, har han mange tilhengjarar og har påverka mange musikarar. Songane hans er ofte meir kjend for ålmenta gjennom andre artistar sine versjonar— til dømes «Jersey Girl» spelt av Bruce Springsteen, «Downtown Train» spelt av Rod Stewart og «Ol' '55» spelt av the Eagles. Sjølv om Waits sine album har fått blanda mottaking i heimlandet USA, har dei stundom seld til gull i andre land. Han har vorte nominert til mange store musikkprisar og vunne Grammy Awards for to album.

  1. Gary Graff (1999). Musichound Rock: The Essential Album Guide. Omnibus Press. ISBN 0-8256-7256-2. 
  2. http://arts.guardian.co.uk/reviews/story/0,11712,1358433,00.html

Developed by StudentB