Torino | |||
by | |||
|
|||
Kallenamn: Bilhovudstaden | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Piemonte | ||
Provins | Torino | ||
Areal | 130,01 km² | ||
Folketal | 841 600 (1. januar 2023) | ||
Grunnlagd | 28 fvt. | ||
Borgarmeister | Sergio Chiamparino | ||
Postnummer | 10100 | ||
Retningsnummer | 0011 | ||
Torino 45°04′45″N 7°40′34″E / 45.079166666667°N 7.6761111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Turin |
Torino (kalla Turin på piemontesisk og fleire andre språk) er ein by nordvest i Italia ved den vestlege breidda av elva Po. Han er hovudstad i både provinsen Torino og regionen Piemonte. Med om lag 900 000 innbyggjarar er han den fjerde største byen i landet, det samanhengande byområdet rundt kommunen har om lag 1,7 millionar innbyggjarar, medan storbyområdet har 2,2 millionar innbyggjarar.
Torino er eit viktig industrisentrum. Blant anna høyrer bilfabrikanten Fiat heime i byen og Torino har derfor vorte kalla «bilhovudstaden» i Italia. Han var òg den første hovudstaden i det samla Italia på midten av 1800-talet.[1]
Han er òg eit katolsk erkebispesete. I den katolske domkyrkja blir det såkalla likkledet i Torino oppbevart.
Vinter-OL 2006 vart halde i byen. Juventus er den mest kjende fotballklubben frå byen.